BOOKING

TRANSPORT

Alle vegar fører deg til Havlandet - og det på magiske bruer, smale svingete vegar, og storslått natur med utsikt mot storhavet! Kjem du med eigen bil, tar du ferge frå Sulesund til Hareid, eller du tar ferge frå Åram til Larsnes. Kjem du frå Ørsta / Volda, er det tunell på Eiksundsambandet og ut til Havlandet. Kjem du med båt, er sjøvegen klar for å ta deg imot. Du kan også komme deg til Havlandet med offentleg transport; både bussar og Hurtigruta går til Havlandet, og frå 2021 kjem du deg hit også med Havila Kystruten! Sjå meir info under:

Ruteinfo Travel like the locals

TRAVEL LIKE THE LOCALS

No kan du reise rundt i Havlandet med offentleg transport! Du får ei heilt unik oppleving av området.

Vi har gjort det enkelt for deg å reise kollektivt når du er turist hos oss i Havlandet. Vi har sydd saman dei mest populære reiserutene i området og gjort det enkelt å bestille turen på nett. 

Du får éin billett som gjeld heile reisa - sjølv om du må bytte transportmiddel undervegs. Vel ditt utgangspunkt nedanfor, les meir om dei ulike turane og bestill enkelt på nett. Billetten får du på e-post saman med ei turbeskriving.

Travel like the locals-turer er tilgjengeleg i heile Fjord Norge-området (Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland).

God tur!

Audioguide med på turen?  Sjå korleis du kan laste ned appen, her: 

Her finn du reiseplanleggar, og rutetider

LADESTASJONAR I HAVLANDET

Her finn du oversikt over ladestasjonar i Havlandet

No kan du lade bilen din i parkeringshuset ved Thon Hotel Fosnavåg, 

ved Sunnmørsbadet, og ved Myrvåg Helsesenter.  

I sentrum av Fosnavåg er det bobilparkering med ladestasjonar. 

Ladestasjonar i Havlandet

BENSINSTASJONAR I HAVLANDET

Her er ei oversikt over bensinstasjonar i Havlandet: 

Kart over bensinstasjonar i Havlandet

TØMMESTASJONAR I HAVLANDET