Booking

Destinasjoner i Havlandet

Fosnavåg er hovudstaden i Havlandet på Bergsøya. Rundt om i Havlandet ligg fleire spennande reisemål på 8 ulike øyer, nesten alle knytt saman med spektakulære bruer. I tillegg finn du spennande selskapslokaler og restaurantar på holmar du lett kan nå frå Fosnavåg! Den mest kjende, er fugleøya Runde. Hit kjem du ved å køyre over Bergsøya, Nærøya, Leinøya, Remøya og over til Runde. Nerlandsøya ligg på andre sida av Fosnavåg, ut mot havet. Også her kryssar du sjøvegen på ei spektakulær bru! Heilt ytterst mot havet ligg Skorpa. For å komme dit, må du ut i båt. Hjartet i Havlandet ligg på øya Herøy. Her finn du Herøy Kystmuseum, og Herøy Gard med ei lang og spennande historie. På Herøy kan du sjå Herøyspelet Kongens Ring første helga i juli kvart år. På Gurskøya finn du fleire reisemål og spektakulære historiske høgdepunkt. Her finn du Leikong, Moltustranda, Tjørvåg, Myrvåg og Stokksund. Last ned audioguiden for Havlandet her: http://onelink.to/voiceofnorway

Raudebuda på Torvholmen

Raudebuda på Torvholmen

Herøy Gard -  grava til Anna med barnet

Herøy Gard - grava til Anna med barnet

Lundefugl på Runde

Lundefugl på Runde

Goksøyr på Runde

Goksøyr på Runde

Herøy Gard - Herøy Kystmuseum

Herøy Gard - Herøy Kystmuseum

Kami Skotholmen - sjømatrestaurant på smaksholmen

Kami Skotholmen - sjømatrestaurant på smaksholmen

Fuglefjellet på Runde i solnedgang

Fuglefjellet på Runde i solnedgang

Rundebrua - filminnspeling

Rundebrua - filminnspeling