BOOKING

Aktivitetar i Havlandet

Naturen i Havlandet er storslått, her finn du spennande skjærgård, og spektakulære fjell. Her kan du vere med på fisketur, krabbefiske, besøke Norges sørlegaste fuglefjell Runde, ta ein tur med kajakk mellom alle øyene, vere med på selsafari, du kan vere med å dykke etter skattar i eit reint og klårt hav, gå lettgådde fjellturar i fjell med spektakulær utsikt frå 3-400 meter høge fjell, og nyte solnedgongar du kan miste pusten av. Søker du meir fart og spenning kan vi by på ribturar, paintball og bumperballs. Sunnmørsbadet er det største badeanlegget i midtnorge, og svært populært for barnefamiliar. I Havlandet har vi og ei rekke sandstrender som kan by på endelaus utsikt, tareskogar du kan nyte, og du kan og vere med på tangsafari og lage mat av tang og tare. På Runde miljøsenter får du oppleve Rundeskatten, og sjå delar av gullmyntane som vart tatt opp etter skipa som forliste utafor Runde ein gong for lenge, lenge sia. På Leikong er det mogleg å sjå Roskarristinga, einaste i sitt slag på Sunnmøre, og meir enn 2000 år gammalt! På Herøy Gard kan du leve deg tilbake til 1400-tallet, og rusle rundt på garden mens du les deg opp på korleis livet vart levd i dei gamle klostera, og kyrkjene som sto der for lenge sia.

FJELLTURAR

FJELLTURAR

Det handlar ikkje om dei største høgdene på fjella i Havlandet, men kanskje den finaste utsikta. Du kan gå dei lyngkledde heiene ut til stupa mot havet, eller du kan gå over større vidder, om du held deg til Gurskøya, den største øya i Herøy. Du finn bratte og ville, men og snille og slake fjellturar i Havlandet. Felles for turane er den magiske utsikta mot storhavet!

VANNSPORT

VANNSPORT

Mange kjem til Havlandet for å surfe på dei store gode bølgene som du kan finne i nærleiken av Runde. Her er også dei som driv med kiting.

FISKE

FISKE

Havlandet ligg ved eit av dei største og viktigaste fiskefelta i Norge. Her kan du vere med på fisketur, fiske etter krabber, eller nyte fersk fisk i restaurantar eller direkte frå Meny-butikken i sentrum av Fosnavåg. Du kan fiske frå kaiene, eller frå bruer eller svaberg, eller på djupt vatn frå båt. Om du ønskar å leie båt, ordnar vi det. Skitt fiske!

BADE

BADE

I Havlandet har vi gode løysingar for å kunne bade: Innandørs er Sunnmørsbadet eit godt alternativ, og ute finn du mange gode sandstrender og svaberg du kan bade frå: Mulevika, Nautøya, Sandesanden og på Runde. Vatnet er ikkje varmt, men friskt og reint og godt!

DYKKE

DYKKE

Havlandet har mange forskjellige og gode stader for dykking. I godt ver kan du legge langt til havs, kanskje jakte på fleire skattar utanfor Runde? Når havet er på det stillaste, venter også grotter i fuglefjellet på Runde med spennande opplevingar, og ei utruleg fargeprakt under havoverflata. Medlemmane i Herøy Dykkerklubb kjenner farvatna rundt om i Havlandet godt!

GALLERI OG UTSTILLING

GALLERI OG UTSTILLING

I ei sytti år gamal restaurert grind-løe på Nærøy, finn du galleriet til landskapsfotograf Kristoffer Nærø Ytterland. Meirenntusenord-løda er flott utanpå, og autentisk og godt bevart innvendig. Her kan du nyte flotte landskapsbilete frå Herøy og Sunnmøre i uformelle omgjevnadar, både på veggane og på storskjerm. Ta kontakt om du vil komme innom for eit besøk i Løda.

+47 97755370 kytterland@mimer.no
BÅTLEIGE

BÅTLEIGE

Du kan leige båt i Havlandet i ulike størrelsar, om du vil ut på fisketur. Hos Lanternen Marina, +47 70085250, Rorbuda, Herøy Kystcamp, +47 92857929, Havferie.com, +47 91133310, og hos Havopplevelse.no, +47 48144111

KUNSTMASKINA

KUNSTMASKINA

Kunstmaskina finn du inne i Ura i Fosnavåg sentrum. Kunstmaskina består av galleri, kunststudio kombinert med butikk med salg av kunstsuvenirer. Kunststudioet omfatter kurs og verksted som tar i bruk ulike former for kreativitet og er tilpasset ulike målgrupper. Kunstmaskina kan også tilby tjenester innen grafisk design og interiørveiledning. Velkommen til oss!

kunstmaskina@gmail.com
KULTUR

KULTUR

Kultur er ein viktig del av livet til folk som bur i Havlandet. Her finn du både Fosnavåg Konserthus som arrangerer konsertar gjennom året, og Herøy kulturhus som er arena bla for ein aktiv kulturskule i kommunen. Herøy Kystmuseum er ei perle med ei lang og spennande historie, og denne historia bli bla vist fram under Herøyspelet som er i juli kvart år.

TANGSAFARI

TANGSAFARI

Opplev den vakre kysten i Havlandet, og smaken av Havlandet under en tangsafari med Møre-to-Sea. Tang og tare er en bærekraftig ressurs for fantastisk mat. Oppdag den nye og spennende smaken av havet på en avslappet måte under en fjærevandring, hvor vi skal sanke forskjellige tang og tare arter. Bli inspirert av forskjellige deilige retter vi skal lage med disse sjøgrønnsakene. Ta en vakker tur med naturguiden vår til Runde fuglefjell og overnatte i ei hytte ved siden av det gamle fyret. En vakker tur der det er mange muligheter til å ta fantastiske bilder av fuglene og oppleve landskapet. Vi gleder oss til å ta deg med på kysteventyret!

+47 453 86 182 info@more-to-sea.no
BADELAND

BADELAND

Kvar dag kan du komme til Sunnmørsbadet - heile året! Midt-Norges største badeland! Fleire basseng, sklier og aktivitetar for alle i familien. Barnebasseng, bobler, sklier og uteområde. Eigen kafe med Norges beste Fish & Chips!

+47 70080570 post@sunnmorsbadet.no
KAJAKK

KAJAKK

I Havlandet kan du padle kajakk på det store havet når det er stille, eller inne mellom øyer, holmar og skjær når det bles opp lengst ute. Ofte kan du padle over sandbankar som får ei turkis farge i det klare reine vatnet! Nett som å vere i Karibia! Havopplevelse.no i Fosnavåg leiger ut kajakkar, kontakt 481 44 111, eller post@havlopplevelse.no